Byrgunder Eplemost
2021

100% naturlig og ufiltrert eplemost frå Sunnmøre

Er du hageeigar med epletre?

Har du ein hage med eit eller fleire epletre i Sykkylven, Stranda, Ørskog er Fjord? Har du for mykje eple eller for lita tid til å hauste? Kan du tenkje deg å gi bort epla til eit godt formål? Vi kjem gjerne til deg for å hauste epla.

Dette gir meiningsfulle arbeidsoppgåver til dei som har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass.

Send ein SMS med kodeord «eple» til 928 54 190. Så kontaktar vi deg for å avtale hausting i september. Du trenger ikkje å være heime når vi kjem, vi avtalar det som måtte passe deg og vi rydder etter oss når vi er ferdig.

Next

Er du butikkeigar

Driv du butikk eller ein spisestad og ønskjer å selge Byrgunder Eplemost? Send ein SMS med kodeord «butikk» til 928 54 190, så kontaktar vi deg så snart som mogleg for eit skreddersydd tilbod.

Next

Bestill Byrgunder Eplemost

Du kan bestille Byrgunder Eplemost 2021 ved å sende kodeord "eplemost" til 928 54 190. Så tar vi kontakt med deg for avtale antall, levering og betaling. Du kan også hente bestillinga i Stranda, Valldal, Sykkylven eller Sjøholt.

Pris flaske 0,75 cl: 95 kroner
Pris flaske 0,25 cl: 35 kroner

Next

Om oss

Byrgunder Eplemost blei laga av epler som blei hausta september 2021 i private hagar i Sykkylven, Stranda, Sjøholt og Fjord. Eplemosten inneheld ikkje tilsetningsstoff. I tillegg er eplemosten ufiltrert for å få den ultimate eplesmaken og balansert sødme.

Epla er handplukka av glade og dyktige medborgarar som har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass. Deretter blir epla sortert, rensa, pressa og pasteurisert hos Valldal Safteri. Smaken kan variere frå flaske til flaske, sidan epla kjem frå mange forskjellige hagar og er av mange ulike sortar. Dette gjer Byrgunder Eplemost heilt spesiell.

Det er Byrg Kompetanse som står bak initiativet. BYRG Kompetanse er ei bedrift som arbeidar med menneskjer som i periodar eller permanent har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass eller trening og rådgjeving for auka arbeidsevne. Tilretteleggingsarbeidet er i utgangspunktet eit samarbeid mellom NAV og kommunane Stranda, Sykkylven og Fjord.

Overskuddet fra salg av Byrgunder Eplemost går til trivselstiltak for våre deltakarar på varig tilrettelagt arbeid og arbeidsforberedande trening.

Kontakt

Ønskjer du meir informasjon? Er du hageeigar med epletre? Ønsker du å bestille Byrgunder Eplemost 2021? Eller er du butikkeigar som ønskjer å selge Byrgunder Eplemost 2021 i din butikk? Ta kontakt med oss.

Byrg Kompetanse AS | Kyrkjegata 23 | 6200 Stranda | Telefon: 70 26 99 30 | E-post: post@byrgkompetanse.no